torsdag 27. november 2008

Ting 22: Bibliotek 2.0

Eg trur biblioteka kan ha mye å hente ved å ta i bruk fleire web 2.0-teknologiar enn dei gjer i dag - ikkje minst for å nå yngre brukargrupper og bli synleg på andre arenaer enn dei folk vanlegvis forbind biblioteket med. Når det gjeld strategi for Bibliotek 2.0, så meiner eg det må tenkjast samarbeid, regionalt og nasjonalt. Biblioteksvar er eit vellykka eksempel på nasjonalt samarbeid der både store og små bibliotek deltek. Eit anna eksempel på samarbeid om web 2.0 er Virtuell møtesplats på Minabibliotek.se. Minabibliotek.se er eit samarbeidsprosjekt mellom seks bibliotek, bl.a Umeå Stadsbibliotek.

Biblioteksystemleverandørane har ei viktig rolle oppi dette. Bibliofil (Biblioteksystemer), som eg kjenner best, har gjort ein del på feltet, bl.a. er det mulig å abbonere på RSS-straumar frå websøket. Her er feks Trondheim folkebibliotek sine faste søk, men det går også an abonnere på søk ein lagar sjøl. Det eg framleis er sakna i Bibliofil er muligheiter for brukarane til å kome med bidrag, som bokomtalar eller etikettar Sjøl synest eg det med etikettar er spennande. Eg trur vi kunne fått mange fleire innfallsvinklar, særleg til skjønnlitteraturen, ved å åpne opp for at brukarane kan legge på sine etikettar - sjølsagt godt skild frå dei autoriserte emneorda :-). Stockholm Stadsbibliotek, som har kome langt med Bibliotek 2.0, har bl.a. tatt i bruk etikettar.

Det at eg går for samarbeid betyr ikkje at eg ikkje ser at det enkelte bibliotek, også dei små, kan gjere mye lokalt. Alle kan legge ut bilde på Flickr, lage ein litteraturblogg, opprette ei sone på Origo osb. Dette finnst det alt mange eksempel på rundt omkring, så det er berre å la seg inspirere.

Vil avslutte med ein kommentar i forhold til Taigatesen om at referansebibliotekarane kjem til å bli overflødige. Eg trur det også i framtida vil vere behov for folk med brei kunnskap om det å gjenfinne og presentere informasjon. Men, da må vi vere på banen og vise at vi kan tilføre meirverdi, - sjøl om formene og verktøya er annleis.

1 kommentar:

Marianne W. sa...

Ting 22 er i boks! Snart i må Liv.
Fin oppsummering av ting 22. :-)
Hilsen Marianne