mandag 1. desember 2008

Ting 23: Oppsummering

Snart er eg ved vegs ende av 23 ting-kurset -. Det har vore eit verkeleg artig og lærerikt kurs, og eg har kosa meg sjøl om det har vore ganske mye arbeid. Eg hadde overfladisk kunnskap om ein del av tinga før, men det blir ei heilt anna forståing når ein får oppgaver der ein skal bruke verktøyet. Å skrive om og vise fram ting i bloggen har også vore nyttig. Det eg har lært kjem eg til å bruke både i jobben og privat.
Min umiddelbare favoritt er Del.icio.us. Er godt i gang med å samle bokmerka frå diverse pc'ar. Elles så kjem eg nok til å utvikle ei personleg startside, men har ikkje bestemt meg for om det blir Netvibes eller iGoogle. Kjem også til å bruke GoogleDocs ev. Zoho Writer.
Vil også til å prøve ut fleire ting på www.tfb.no, som å lage ein eigen søkemotor (Reisebiblioteket)m.m. Tenkjer også på mashups det kunne vore aktuelt å få til. Men, mest tenkjer eg på korleis vi kan føre dette vidare på min arbeidsplass og halde på det flotte engasjementet som mange av kursdeltakarane har vist. Håper feks at folk har fått smaken på blogging, så vi kan få utvikla ein skikkeleg litteraturblogg.
Til slutt får eg berre seie at blir det muligheit deltek eg gjerne på fleire liknande kurs!

torsdag 27. november 2008

Ting 22: Bibliotek 2.0

Eg trur biblioteka kan ha mye å hente ved å ta i bruk fleire web 2.0-teknologiar enn dei gjer i dag - ikkje minst for å nå yngre brukargrupper og bli synleg på andre arenaer enn dei folk vanlegvis forbind biblioteket med. Når det gjeld strategi for Bibliotek 2.0, så meiner eg det må tenkjast samarbeid, regionalt og nasjonalt. Biblioteksvar er eit vellykka eksempel på nasjonalt samarbeid der både store og små bibliotek deltek. Eit anna eksempel på samarbeid om web 2.0 er Virtuell møtesplats på Minabibliotek.se. Minabibliotek.se er eit samarbeidsprosjekt mellom seks bibliotek, bl.a Umeå Stadsbibliotek.

Biblioteksystemleverandørane har ei viktig rolle oppi dette. Bibliofil (Biblioteksystemer), som eg kjenner best, har gjort ein del på feltet, bl.a. er det mulig å abbonere på RSS-straumar frå websøket. Her er feks Trondheim folkebibliotek sine faste søk, men det går også an abonnere på søk ein lagar sjøl. Det eg framleis er sakna i Bibliofil er muligheiter for brukarane til å kome med bidrag, som bokomtalar eller etikettar Sjøl synest eg det med etikettar er spennande. Eg trur vi kunne fått mange fleire innfallsvinklar, særleg til skjønnlitteraturen, ved å åpne opp for at brukarane kan legge på sine etikettar - sjølsagt godt skild frå dei autoriserte emneorda :-). Stockholm Stadsbibliotek, som har kome langt med Bibliotek 2.0, har bl.a. tatt i bruk etikettar.

Det at eg går for samarbeid betyr ikkje at eg ikkje ser at det enkelte bibliotek, også dei små, kan gjere mye lokalt. Alle kan legge ut bilde på Flickr, lage ein litteraturblogg, opprette ei sone på Origo osb. Dette finnst det alt mange eksempel på rundt omkring, så det er berre å la seg inspirere.

Vil avslutte med ein kommentar i forhold til Taigatesen om at referansebibliotekarane kjem til å bli overflødige. Eg trur det også i framtida vil vere behov for folk med brei kunnskap om det å gjenfinne og presentere informasjon. Men, da må vi vere på banen og vise at vi kan tilføre meirverdi, - sjøl om formene og verktøya er annleis.

tirsdag 25. november 2008

Ting 21: Web 2.0 Awards

Igjen var det mye å fortape seg i! På SEOMOZ Web 2.0 Awards var det mye spennande, nyttig og artig. Av dei artige tinga har eg ei kjensle av at fleire på kurset har vore innom HairMixer. Fann også igjen nokre av dei 23 tinga, bl.a. Del.icio.us, som er ein av mine favorittar. Om det er dei rette tinga som har vunne synest eg er vanskeleg å vurdere, men det ser ut til å vere eit mangfaldig utvalg. Bra at det ikkje berre er Google-tenester som når opp.
Fann mye som eg kan tenkje meg å sjekke ut seinare, bl.a. vil eg sjå meir på det som ligg i Kategorien Widgets. Antar eg kan finne tips til ting eg kan prøve ut i nettsider. Yourminis er vinnaren i denne kategorien. Vil også sjekke ut kategorien Books. Ettersom eg er opptatt av fargar har eg også lyst til å sjå nærare på ColorBlender.

søndag 23. november 2008

Mellomspel med Hauge

Er litt stolt av at eg har tatt i bruk ein 23-ting på ei nettside på www.tfb.no. Fann ein video med Olav H. Hauge på YouTube og brukte embedfunksjonen til å legge den ut. Eit skår i gleden er at den ikkje kan spelast av via Explorer på PC'ar i Trondheim kommune sitt nett, men det ser ut til å fungere overalt elles.

Lenke til nettside om Olav H. Hauge