Da er eg i gang med å registre bokmerka mine på del.icio.us - ei blant fleire 2.0-tenester eg i lengre tid har tenkt at eg ville prøve ut, men som eg aldri kom meg i gang med før 23 ting. Det er så flott at fylkesbiblioteket har sett i gang dette kurset!
Del.icio.us ser eg absolutt nytten av for eigen del. Greitt å ha bokmerka samla ein stad, uavhengig av PC. Minst like nyttig er muligheitene til å finne nettsider ein ikkje visste om. Taggane som brukarane har sett på bokmerka gir mange søkemuligheiter og ein kan også leite blant populære taggar eller på brukarar som ein ser har same interessefelt.
Biblioteket kan sikkert også bruke dette, men eg trur det må bli på meir avgrensa tema, slik at det ikkje blir for stort å vedlikehalde. Så går det vel også an å legge forskjellige biblioteksider blant eigne bokmerke, slik at fleire på den måten kan dumpe over dei. Tenkte feks å legge bloggen til musikkavdelinga ved tfb som eitt av mine bokmerke.
Elles nyttig at ein kan legge del.icio.us-symbol i verktøylina på nettlesaren. Det gjorde det enkelt å legge til nye bokmerke, bl.a.
Ting 23: Oppsummering
for 16 år siden
1 kommentar:
veldig bra skrevet om sosiale bokmerker!! ting 12 er notert gjennomført
Legg inn en kommentar