Viser innlegg med etiketten Flickr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Flickr. Vis alle innlegg

torsdag 13. november 2008

Ting 15: Bildeleik

Her var det mye artig å fortape seg i! Må nok gå tilbake å utforske fleire av muligheitene seinare. Inntil vidare - eit eksempel på bruk av
Spell with flickr:

L I V_McElman_070718_3098

mandag 10. november 2008

Ting 13: Eigendefinerte søkemotorar

Har streva med å finne noko verkeleg bra å bruke Rollyo til. Tenkte først at oj, dette var lurt, men oppdaga ganske raskt begrensingane. Synest feks at det er eit stort minus at Rollyo forheld seg til domene ved søk. Eg fekk nemleg den lyse ide å sette opp ein søkemotor som søkte i databasene Trondheimsbilder.no og GalleriNor samtidig, altså eit slags enkelt bildesamsøk. Eg sette opp lenke direkte til det enkle søket i begge nettstadene. Det viste seg at når eg søkte så kom det opp treff frå heile nettstaden til nasjonalbiblioteket, og ikkje berre frå GalleriNor som eg ønska. Så å lage samsøk for databaser er nok meir avansert enn det både Rollyo og eg greier!

Den søkemotoren eg til slutt laga søker i Flickr og Youtube samtidig:


mandag 13. oktober 2008

Ting 5: Bilder og tagger


Etter nokre dagars pause er det tid for å ta fatt på 23 ting igjen, i kveld blir det ting 5. Har kikka litt på Flickr før. Det er utruleg mange flotte bilde å finne der. Tagginga er ofte detaljert, så det er mulig å søke på svært så spesifisert og annleis enn i ein meir bibliotekaktig katalog. Eg søkte feks på "green" for å finne grønne bilde. Her er eitt av dei grønne bilda eg fann! Eg prøvde først å laste det opp direkte, men fekk ikkje til det, så lagra det på PC'en først.


Brukte bildebehandlingsprogrammet Picnik for å forandre størrelsen på det oransje bildet, som eg også fann på Flickr.

Så er det det med opphavsretten, da. Ser at ein del bilde har "All rights reserved", andre har "Some rights reserved" med forskjellige symbol som angir kva for type bruk fotografen gir lov til. Oversikt over symbola finnst på denne sida om Creative Commons.
Dei to bilda over var eg muligens litt kjapp med å legge ut, men har ikkje klart å finne dei igjen for å sjekke kva som stod om opphavsrett. Mulig eg skiftar dei ut etter kvart for å vere på den sikre sida.

Ser elles at mange av desse 23-tinga heng saman. Ein kan feks bruke RSS til å abonnere på fotostraumar (feeds) frå favorittfotografen.