fredag 31. oktober 2008

Ting 11: Organisere bøker

Har snusa litt på Library Thing har før, men syntest den gongen at det var lite norske bøker og derfor ikkje så interessant for meg. Men, no er eg omsider i gang og har registrert nokre tilfeldige titlar frå boksamlinga. Og av dei igjen er det meininga at eit tilfeldig utvalg skal visast i Widget'n under:


Prøvde å få til Widget med bokomslag, men det var berre min eine engelske tittel som vistes, enda det var omslagsbilde av ein del av dei norske titlane også. Droppa det inntil vidare.

Har også sjekka ut ein del av dei andre funksjonane og meldt meg inn i to grupper.
Library Thing var lett å kome i gang med og ganske artig, så kanskje blir det tingen å registrere boksamlinga her. Men, først blir det jobbing med dei 12 tinga som står att!

torsdag 30. oktober 2008

Meir ting 10

Måtte berre prøve Widgets! Artig, men hadde nok ikkje fått det til utan Lene si greie oppskrift på "Sør-Trøndelagbloggen". Det går opp nokre små lys etter kvart, og eg ser igjen at mange av desse 2.0-greiene heng saman, feks kunne eg også lagt Recently Played eller andre Widgets på Facebook.

tirsdag 28. oktober 2008

Ting 10: Musikk

Da her eg fått sett - og høyrt litt på ting 10. Har oppretta konto på Last.FM. Har høyrt på ulike "radiokanalar", bl.a. fann eg mye fin svensk folkemusikk. Trøbla litt etter nedlastinga av programvaren - fekk lyd berre når eg gjekk via spelaren, men ikkje når eg var logga inn på Last.FM og skulle velje kanal derifrå. Visste seg etterkvart at problemet gjaldt Firefox. I Explorer fungerer det. I tillegg til å kose meg med å lytte til mye fin musikk har eg laga mitt eige bibliotek over favorittar - det vart visst mange gitaristar...
Her er ein radiokanal: Mari Boine Persen Radio - med "similar artists".

Må nok sjå nærare på dette. Ser i alle fall at det er ein fin plass å gå for å få tips om artistar innanfor eigen musikksmak.

fredag 24. oktober 2008

Ting 9: Video

På dansegolvet ...
På YouTube er det mye å velje i og ein kan få artige gjensyn med fortida. Når eg skulle plukke ut ein video for bloggen min måtte det jo bli noko med dans og musikk. Fekk valgets kvaler, skulle eg ta Leningrad Cowboys sin spesielle versjon av Säkkijärven polka eller skulle eg ta noko med tango? Valget fall på Libertango frå Tango Lessons, ein film som Snorkfrøken og eg såg for i alle fall 10 år sidan. Nyt musikken og dansen!



Når det gjeld korleis bibliotek kan bruke YouTube, så kan ein sjølsagt prøve å presentere biblioteket der. Har sett på noko av det som er gjort av norske bibliotek og synest det er greitt nok, men er det noko som kundane våre vil bruke tid på? Danske bibliotek.dk har lagt ut ein instruktiv videosnutt om Søk i bibliotek.dk på YouTube. Denne har hatt noko over 700 visningar, ikkje mye. Prøvde å finne igjen den på nettsidene til bibliotek.dk, men fann i staden denne instruksjonsvideoen som er meir integrert med nettsidene, og som etter mitt syn fungerer betre. YouTube er kanskje mest plassen for å reklamere for tenester - dersom ein får det til på ein spennande og artig måte. Ein annan bruksmåte er å integrere YouTube-videoar i bibliotek-bloggar slik som t.d. musikkavdelinga ved tfb har gjort med bloggen Musikkprat.

onsdag 22. oktober 2008

Samling 2

Her surrar det av aktivitet på PC'ane - intens konsentrasjon - ein del frustrerte utbrot frå sidelina (Snorkfrøken som held på med å få bilda på rett blogg) og entusiastiske kvin lenger bak i rommet. Full innsats med andre ord!
Eg har omsider fått til å legge ut Dagbladet - litteratur som direkte straum på bloggen. Frode hjelpte meg å laste ned nettlesaren Mozilla Firefox. Da blir det lettare å bruke RSS.
Elles ein del nyttige tips under den felles gjennomgangen. Skal sjekke ut noko av dette seinare. Vil bl.a. prøve å få RSS-feed frå Biblioteksentralen direkte i nettlesaren.

mandag 20. oktober 2008

Ting 8: Podkasting


For å skaffe meg eit lite innblikk i kva som finnst av norske podkast begynte eg med å leite i podkastoversikter. Kikka bl.a. på Podcaster.no og OPMLmanager.com som er ein oversikt over danske, svenske og norske podkast.
Prøvde også å finne ut om Thomas Breivik (som vel var den første norske bibliotekaren som laga podkast) hadde laga noko i det siste, men fann ikkje noko nyare enn 2006.

Til slutt såg eg på NRK-oversikten over podkast. Der var det ein del interessant og eg enda opp med å abonnere på to solide NRK-program, Språkteigen og Boktilsynet. Dei ligg no i Radio-mappa mi på Bloglines.

fredag 17. oktober 2008

Ting 7: Wiki

Kjenner sjølsagt fenomenet wiki gjennom Wikipedia, men har også prøvd å publisere på wikien til Biblioteksvar. (Ein wiki som no skal bli passordbelagt på grunn av uønska innlegg). Det var greitt å få prøve ut wikiteknikken litt meir. Her er Wikisida som eg laga.

Elles eit tips i forhold til ting 6, bilder. Alt innhald på Wikipedia, også bilda kan gjenbrukast fritt. Siterer frå norsk Wikipedia: Stiftelsen som utgir Wikipedia har bestemt at alt innhold skal være fritt. Det betyr at alle skal ha rett til å bruke artiklene våre og bildene våre (også kommersielt), videreformidle disse, og modifisere dem etter behov. Wikipedia kan altså vere ein plass å leite dersom ein treng å illustrere ei nettside og vil vere sikker på at det er lov å bruke bilda.

Ser pr dato ikkje for meg noko konkret vi kan bruke dette til i biblioteket. Kanskje eit prosjekt der det er nødvendig med dugnadsinnsats frå fleire bibliotek, eit Trøndelagsprosjekt. Nokon som tar ballen?

mandag 13. oktober 2008

Ting 5: Bilder og tagger


Etter nokre dagars pause er det tid for å ta fatt på 23 ting igjen, i kveld blir det ting 5. Har kikka litt på Flickr før. Det er utruleg mange flotte bilde å finne der. Tagginga er ofte detaljert, så det er mulig å søke på svært så spesifisert og annleis enn i ein meir bibliotekaktig katalog. Eg søkte feks på "green" for å finne grønne bilde. Her er eitt av dei grønne bilda eg fann! Eg prøvde først å laste det opp direkte, men fekk ikkje til det, så lagra det på PC'en først.


Brukte bildebehandlingsprogrammet Picnik for å forandre størrelsen på det oransje bildet, som eg også fann på Flickr.

Så er det det med opphavsretten, da. Ser at ein del bilde har "All rights reserved", andre har "Some rights reserved" med forskjellige symbol som angir kva for type bruk fotografen gir lov til. Oversikt over symbola finnst på denne sida om Creative Commons.
Dei to bilda over var eg muligens litt kjapp med å legge ut, men har ikkje klart å finne dei igjen for å sjekke kva som stod om opphavsrett. Mulig eg skiftar dei ut etter kvart for å vere på den sikre sida.

Ser elles at mange av desse 23-tinga heng saman. Ein kan feks bruke RSS til å abonnere på fotostraumar (feeds) frå favorittfotografen.

onsdag 8. oktober 2008

Ting 4: Nettprat

Som vakt på chatten i Biblioteksvar er eg godt kjent med det å prate på nettet, men eg har ikkje brukt nettprat privat. Eg bestemte meg for å prøve Google Talk da det ikkje krevde nedlasting, og eg alt har ein Google-konto. Det gjekk litt "fort å gæli" ved registreringa, så eg oversåg at det var frivillig med fullt namn. Trudde da at heile namnet mitt ville visast i chatteprogrammet og det hadde eg ikkje lyst til. Leita etter ein måte å slette og begynne på nytt, men det var sanneleg vanskeleg å finne. Prøvde på Google-kontoen på valget Rediger, men det einaste valget ein fekk der var å slette heile Google-kontoen.Hadde muligens fått det til til slutt, men det no ser det ut som det er berre brukarnamnet Liv som visest, så da kan eg vel slappe av på det. Så no spørs det om nokon vil chatte med meg da? Veit at Frode har Google Talk, men kanskje er det andre også? Adressen de kan søke på er liv.vennevik krøllalfa trondheim.kommune.no. Trur eg da - det begynner å gå litt i "baill" på kva som er brukt her og der!

tirsdag 7. oktober 2008

Ting 3: RSS og Atom

Eg har no fått ordna meg konto på Bloglines og har starta abonnement på nokre bloggar, bl.a. Plinius + nokre meir hobbybaserte som bloggen til Mrs. Darcy (min kollega vegg i vegg.) Valde Bloglines for å prøve noko anna enn Google.

Ser allereie no at dette er nyttig. Smart at ein kan få presentert nye innlegg samla, og sleppe å måtte innom masse nettsider for å halde seg oppdatert. Dette kjem eg til å bruke seinare også!

søndag 5. oktober 2008

Ting 6

Feil rekkefølgje, men i helga har eg sett litt på ting 6. Har meldt meg inn i Facebook og prøvd ut litt funksjonar der. Det er greitt å sjå kva det er og korleis det fungerer, men det er ikkje sikkert at akkurat det blir det eg kjem til å bruke mest tid på når kurset er slutt. Men, det var mange kjente der, i alle fall frå bibliotekmiljøet, så det var jo litt artig.

torsdag 2. oktober 2008

Meir ting 2

No leikar vi med fargar og skrifttypar....bloggen skal bli fin å sjå på også.

Ting 1 og 2

Da er vi i gang med å lære 23 ting om web 2.0! Blogging er ting to og det er hektisk aktivitet med å opprette bloggar. Snorkfrøken ved sida av er alt ferdig med første innlegg. Dette blir spennande!