torsdag 27. november 2008

Ting 22: Bibliotek 2.0

Eg trur biblioteka kan ha mye å hente ved å ta i bruk fleire web 2.0-teknologiar enn dei gjer i dag - ikkje minst for å nå yngre brukargrupper og bli synleg på andre arenaer enn dei folk vanlegvis forbind biblioteket med. Når det gjeld strategi for Bibliotek 2.0, så meiner eg det må tenkjast samarbeid, regionalt og nasjonalt. Biblioteksvar er eit vellykka eksempel på nasjonalt samarbeid der både store og små bibliotek deltek. Eit anna eksempel på samarbeid om web 2.0 er Virtuell møtesplats på Minabibliotek.se. Minabibliotek.se er eit samarbeidsprosjekt mellom seks bibliotek, bl.a Umeå Stadsbibliotek.

Biblioteksystemleverandørane har ei viktig rolle oppi dette. Bibliofil (Biblioteksystemer), som eg kjenner best, har gjort ein del på feltet, bl.a. er det mulig å abbonere på RSS-straumar frå websøket. Her er feks Trondheim folkebibliotek sine faste søk, men det går også an abonnere på søk ein lagar sjøl. Det eg framleis er sakna i Bibliofil er muligheiter for brukarane til å kome med bidrag, som bokomtalar eller etikettar Sjøl synest eg det med etikettar er spennande. Eg trur vi kunne fått mange fleire innfallsvinklar, særleg til skjønnlitteraturen, ved å åpne opp for at brukarane kan legge på sine etikettar - sjølsagt godt skild frå dei autoriserte emneorda :-). Stockholm Stadsbibliotek, som har kome langt med Bibliotek 2.0, har bl.a. tatt i bruk etikettar.

Det at eg går for samarbeid betyr ikkje at eg ikkje ser at det enkelte bibliotek, også dei små, kan gjere mye lokalt. Alle kan legge ut bilde på Flickr, lage ein litteraturblogg, opprette ei sone på Origo osb. Dette finnst det alt mange eksempel på rundt omkring, så det er berre å la seg inspirere.

Vil avslutte med ein kommentar i forhold til Taigatesen om at referansebibliotekarane kjem til å bli overflødige. Eg trur det også i framtida vil vere behov for folk med brei kunnskap om det å gjenfinne og presentere informasjon. Men, da må vi vere på banen og vise at vi kan tilføre meirverdi, - sjøl om formene og verktøya er annleis.

tirsdag 25. november 2008

Ting 21: Web 2.0 Awards

Igjen var det mye å fortape seg i! På SEOMOZ Web 2.0 Awards var det mye spennande, nyttig og artig. Av dei artige tinga har eg ei kjensle av at fleire på kurset har vore innom HairMixer. Fann også igjen nokre av dei 23 tinga, bl.a. Del.icio.us, som er ein av mine favorittar. Om det er dei rette tinga som har vunne synest eg er vanskeleg å vurdere, men det ser ut til å vere eit mangfaldig utvalg. Bra at det ikkje berre er Google-tenester som når opp.
Fann mye som eg kan tenkje meg å sjekke ut seinare, bl.a. vil eg sjå meir på det som ligg i Kategorien Widgets. Antar eg kan finne tips til ting eg kan prøve ut i nettsider. Yourminis er vinnaren i denne kategorien. Vil også sjekke ut kategorien Books. Ettersom eg er opptatt av fargar har eg også lyst til å sjå nærare på ColorBlender.

søndag 23. november 2008

Mellomspel med Hauge

Er litt stolt av at eg har tatt i bruk ein 23-ting på ei nettside på www.tfb.no. Fann ein video med Olav H. Hauge på YouTube og brukte embedfunksjonen til å legge den ut. Eit skår i gleden er at den ikkje kan spelast av via Explorer på PC'ar i Trondheim kommune sitt nett, men det ser ut til å fungere overalt elles.

Lenke til nettside om Olav H. Hauge

Ting 20: E-læringskurs

Niho!(Hallo) Har registrert meg på ChinesePod og held på og lærer meg kinesisk...Det ser ut til å ligge mange funksjonar og muligheiter i dette e-læringskurset. Viss eg verkeleg skulle lære meg kinesisk hadde eg nok brukt ganske mye tid på å finne ut av alt. Men, sikkert ein bra og artig måte å lære språk på . Den store fordelen er jo at du kan bruke kurset uansett kor i verda du måtte bu.
23ting-kurset har i praksis vist meg nytten av å bruke 2.0-teknologiar i e-læring, feks har det vore fint å bruke bloggformen til å reflektere over og oppsummere det eg har lært. Bloggane er synlege så vi kan lære av kvarandre. Synest det utvidar læringa å sjå andre vinklingar på stoffet.