tirsdag 11. november 2008

Ting 14: Personlege startsider

Laga ei slik side på Netvibes for eit par år sidan, men den har visst forlengst gått i gløymeboka. Er nok meir moden for å ta i bruk dette no, for ser absolutt nytten av å samle "alt" på ei side.
Sidan eg har vore borti Netvibes før har eg i denne omgangen sett på iGoogle. IGoogle er lett å bruke og gir masse muligheiter. Kunsten blir kanskje å begrense seg, slik at sida ikkje blir for stor og uoversiktleg. Eg har fått lagt til ein del nye element, bl.a. ordbok og kalender - men, fekk ikkje til å legge til arrangement i kalenderen. Har vald temaet "Beautiful mountains". Skal følgje med på om det stemmer at utsjånaden på sida da endrar seg i løpet av døgnet. Elles så synest eg at søkefunksjonen for gadgets var veldig nyttig.
Dette er nok ein av dei 23-tinga som eg kjem til å bruke vidare. Men, først vil eg sjå på Netvibes igjen for å finne ut kven av dei eg likar best.

mandag 10. november 2008

Ting 13: Eigendefinerte søkemotorar

Har streva med å finne noko verkeleg bra å bruke Rollyo til. Tenkte først at oj, dette var lurt, men oppdaga ganske raskt begrensingane. Synest feks at det er eit stort minus at Rollyo forheld seg til domene ved søk. Eg fekk nemleg den lyse ide å sette opp ein søkemotor som søkte i databasene Trondheimsbilder.no og GalleriNor samtidig, altså eit slags enkelt bildesamsøk. Eg sette opp lenke direkte til det enkle søket i begge nettstadene. Det viste seg at når eg søkte så kom det opp treff frå heile nettstaden til nasjonalbiblioteket, og ikkje berre frå GalleriNor som eg ønska. Så å lage samsøk for databaser er nok meir avansert enn det både Rollyo og eg greier!

Den søkemotoren eg til slutt laga søker i Flickr og Youtube samtidig:


torsdag 6. november 2008

Delicious og Bibliofil

No har eg prøvd noko artig. Eg gjorde søket fotturer i basen til Trondheim folkebibliotek, og la deretter søket inn i del.icio.us som eit bokmerke. Eit bokmerke som andre kan finne dersom dei søkjer på stikkordet fjellturer, eller eitt av dei andre stikkorda eg la til i tagfeltet. Litt reklame for biblioteket med andre ord.

Bibliofil gir muligheit for kobling til andre 2.0-tenester også. For den som er interessert - sjå etter ikona under trefflista.

tirsdag 4. november 2008

Ting 12: Sosiale bokmerke

Da er eg i gang med å registre bokmerka mine på del.icio.us - ei blant fleire 2.0-tenester eg i lengre tid har tenkt at eg ville prøve ut, men som eg aldri kom meg i gang med før 23 ting. Det er så flott at fylkesbiblioteket har sett i gang dette kurset!
Del.icio.us ser eg absolutt nytten av for eigen del. Greitt å ha bokmerka samla ein stad, uavhengig av PC. Minst like nyttig er muligheitene til å finne nettsider ein ikkje visste om. Taggane som brukarane har sett på bokmerka gir mange søkemuligheiter og ein kan også leite blant populære taggar eller på brukarar som ein ser har same interessefelt.

Biblioteket kan sikkert også bruke dette, men eg trur det må bli på meir avgrensa tema, slik at det ikkje blir for stort å vedlikehalde. Så går det vel også an å legge forskjellige biblioteksider blant eigne bokmerke, slik at fleire på den måten kan dumpe over dei. Tenkte feks å legge bloggen til musikkavdelinga ved tfb som eitt av mine bokmerke.

Elles nyttig at ein kan legge del.icio.us-symbol i verktøylina på nettlesaren. Det gjorde det enkelt å legge til nye bokmerke, bl.a.