søndag 23. november 2008

Ting 20: E-læringskurs

Niho!(Hallo) Har registrert meg på ChinesePod og held på og lærer meg kinesisk...Det ser ut til å ligge mange funksjonar og muligheiter i dette e-læringskurset. Viss eg verkeleg skulle lære meg kinesisk hadde eg nok brukt ganske mye tid på å finne ut av alt. Men, sikkert ein bra og artig måte å lære språk på . Den store fordelen er jo at du kan bruke kurset uansett kor i verda du måtte bu.
23ting-kurset har i praksis vist meg nytten av å bruke 2.0-teknologiar i e-læring, feks har det vore fint å bruke bloggformen til å reflektere over og oppsummere det eg har lært. Bloggane er synlege så vi kan lære av kvarandre. Synest det utvidar læringa å sjå andre vinklingar på stoffet.

Ting 19 Second Life

Denne tingen har eg berre fått snusa på. Fekk problem med nedlastinga (for gammalt videokort) på den bærbare og fekk heller ikkje til nedlastinga på jobben. Men, har oppretta ein avatar, så kjem eg over ei maskin som taklar programmet, så skal eg prøve ut korleis det er å bevege seg i Second Life. Har elles sett både det og World of Warcraft demonstrert, så veit korleis det tek seg ut på skjermen, men veit altså ikkje korleis det er å bestemme handlingane sjøl. Uansett så blir nok ikkje dette mi greie med det første.

tirsdag 18. november 2008

Ting 18: Webapplikasjonar

Sidan eg alt har tatt i bruk Google Dokumenter har eg ikkje oppretta konto på Zoho Writer. Har ikkje brukt funksjonen så mye enda, men ser at det kan vere nyttig når ein, som meg, bevegar seg mellom fleire PC'ar i løpet av arbeidsdagen. Skulle det bli ei veldig roleg skrankevakt går det an å ta opp eit dokument og jobbe med det der.

Første del av av denne posten skreiv eg i Google Dokumenter og publiserte på bloggen derifrå. Det går vel ikkje an i Word, vil eg tru. Sjølve tekstbehandlaren var på norsk og elles grei. Tilleggsfunksjonar som deling og presentasjon har eg ikkje prøvd ut i denne runden.

søndag 16. november 2008

Ting 17: Origo

Origo var ukjent for meg. Ser absolutt nytten for den som er mye på nett. Dessutan artig med eit verktøy som er utvikla i Norge. Eg har meldt meg inn i to soner: Namdaling og Strikking. Tenkte på soner eg kunne ha oppretta, feks hadde det gått an å lage ei sone for Tindegruppa på jobben, eller for Hobbyttene.
La forresten merke til at Origo brukar mashup med Google Maps.