fredag 31. oktober 2008

Ting 11: Organisere bøker

Har snusa litt på Library Thing har før, men syntest den gongen at det var lite norske bøker og derfor ikkje så interessant for meg. Men, no er eg omsider i gang og har registrert nokre tilfeldige titlar frå boksamlinga. Og av dei igjen er det meininga at eit tilfeldig utvalg skal visast i Widget'n under:


Prøvde å få til Widget med bokomslag, men det var berre min eine engelske tittel som vistes, enda det var omslagsbilde av ein del av dei norske titlane også. Droppa det inntil vidare.

Har også sjekka ut ein del av dei andre funksjonane og meldt meg inn i to grupper.
Library Thing var lett å kome i gang med og ganske artig, så kanskje blir det tingen å registrere boksamlinga her. Men, først blir det jobbing med dei 12 tinga som står att!

torsdag 30. oktober 2008

Meir ting 10

Måtte berre prøve Widgets! Artig, men hadde nok ikkje fått det til utan Lene si greie oppskrift på "Sør-Trøndelagbloggen". Det går opp nokre små lys etter kvart, og eg ser igjen at mange av desse 2.0-greiene heng saman, feks kunne eg også lagt Recently Played eller andre Widgets på Facebook.

tirsdag 28. oktober 2008

Ting 10: Musikk

Da her eg fått sett - og høyrt litt på ting 10. Har oppretta konto på Last.FM. Har høyrt på ulike "radiokanalar", bl.a. fann eg mye fin svensk folkemusikk. Trøbla litt etter nedlastinga av programvaren - fekk lyd berre når eg gjekk via spelaren, men ikkje når eg var logga inn på Last.FM og skulle velje kanal derifrå. Visste seg etterkvart at problemet gjaldt Firefox. I Explorer fungerer det. I tillegg til å kose meg med å lytte til mye fin musikk har eg laga mitt eige bibliotek over favorittar - det vart visst mange gitaristar...
Her er ein radiokanal: Mari Boine Persen Radio - med "similar artists".

Må nok sjå nærare på dette. Ser i alle fall at det er ein fin plass å gå for å få tips om artistar innanfor eigen musikksmak.

fredag 24. oktober 2008

Ting 9: Video

På dansegolvet ...
På YouTube er det mye å velje i og ein kan få artige gjensyn med fortida. Når eg skulle plukke ut ein video for bloggen min måtte det jo bli noko med dans og musikk. Fekk valgets kvaler, skulle eg ta Leningrad Cowboys sin spesielle versjon av Säkkijärven polka eller skulle eg ta noko med tango? Valget fall på Libertango frå Tango Lessons, ein film som Snorkfrøken og eg såg for i alle fall 10 år sidan. Nyt musikken og dansen!



Når det gjeld korleis bibliotek kan bruke YouTube, så kan ein sjølsagt prøve å presentere biblioteket der. Har sett på noko av det som er gjort av norske bibliotek og synest det er greitt nok, men er det noko som kundane våre vil bruke tid på? Danske bibliotek.dk har lagt ut ein instruktiv videosnutt om Søk i bibliotek.dk på YouTube. Denne har hatt noko over 700 visningar, ikkje mye. Prøvde å finne igjen den på nettsidene til bibliotek.dk, men fann i staden denne instruksjonsvideoen som er meir integrert med nettsidene, og som etter mitt syn fungerer betre. YouTube er kanskje mest plassen for å reklamere for tenester - dersom ein får det til på ein spennande og artig måte. Ein annan bruksmåte er å integrere YouTube-videoar i bibliotek-bloggar slik som t.d. musikkavdelinga ved tfb har gjort med bloggen Musikkprat.