Som vakt på chatten i
Biblioteksvar er eg godt kjent med det å prate på nettet, men eg har ikkje brukt nettprat privat. Eg bestemte meg for å prøve
Google Talk da det ikkje krevde nedlasting, og eg alt har ein Google-konto. Det gjekk litt "fort å gæli" ved registreringa, så eg oversåg at det var frivillig med fullt namn. Trudde da at heile namnet mitt ville visast i chatteprogrammet og det hadde eg ikkje lyst til. Leita etter ein måte å slette og begynne på nytt, men det var sanneleg vanskeleg å finne. Prøvde på Google-kontoen på valget Rediger, men det einaste valget ein fekk der var å slette heile Google-kontoen.Hadde muligens fått det til til slutt, men det no ser det ut som det er berre brukarnamnet Liv som visest, så da kan eg vel slappe av på det. Så no spørs det om nokon vil chatte med meg da? Veit at Frode har Google Talk, men kanskje er det andre også? Adressen de kan søke på er liv.vennevik krøllalfa trondheim.kommune.no. Trur eg da - det begynner å gå litt i "baill" på kva som er brukt her og der!
1 kommentar:
Du vises som livenn i Gtalk. Stilig nick :-)
Legg inn en kommentar